Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo Ungdomsklubb ynskjer velkomen til weekend 30. september – 2. oktober. Turen går til leirstaden Helgatun som ligg mellom Voss fjellandsby og Vikafjellet. På turen satsar me på å bli godt kjent og skape eit godt samhald. På programmet står blant anna aktivitetar som fotballturnering, natursti, bordtennis, dyrelotto, lovsong og underhaldning av topp klasse!
Leiarar på turen blir Oddvar Ulltang, Andreas Ølfarnes, Johanna Tokheim, Vidar Sangolt og ungdomsarbeidar i IMS, Ragnhild Nesse. Klikk her for program og informasjon om påmelding.