Misjonsveke i Øystese og Norheimsund 17. – 20. februar

17. til 20. februar er det misjonsveke i regi av NMS Øystese/ Norheimsund. Talar er John Steinar Dale. Hovudtema på samlingane er «Godt nytt frå Midtausten». Dale har vore misjonær på Madagaskar i 15 år, prest i Stavanger og har lenge vore aktiv i SAT-7 som er dei kristne kyrkjene sin satellitt–tvkanal i Midtausten og Nord-Afrika. SAT-7 har 5 kanalar og sender døgnet rundt og har i år 15-årsjubileum. Dale kjenner godt dette eineståande misjonsarbeidet og situasjonen i Midtausten. Vi gled oss til inspirerande samlingar!


Program:
Torsdag 17. februar kl. 17.00:
Øystese bedehus. Misjonstreff. Tema: ”Det starta med borna”.  Kaffi.
Fredag 18. februar kl. 19.30: 
Øystese bedehus. Misjonsmøte. Tema: ”Eit moderne misjonseventyr”. Song av ”Sonar”.
Laurdag 19. februar kl. 16.00: 
Kyrkjelydssalen i Norheimsund. Misjonsfest. Tema:  ”SAT-7 og kvinnene i Midtausten”.
Søndag 20. februar kl. 11.00:
Øystese bedehus. Misjonsmøte. Tema: ”Såkornet er Guds ord”. Song av ”Laudamus”.

Misjonsoffer og video og på alle møte.
Hjarteleg velkomne til aktuelle og interessante møte!