Torsdag 2. desember arrangerer Origo julekonsert med Garness i Norheimsund kyrkje. Konserten startar kl. 20.00.
Duoen Garness består av tvillingane Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad (f. 1984) frå Frekhaug. Systrene, som alt frå femårsalderen skreiv sine eigne songar, har ”alltid” drive med musikk. Dei siste sju åra på heiltid. Debutplata deira som vaksne artister, «The Good or Better Side of Things» (KKV 2008), fekk blant anna fylgjande karakteristikk i norsk media: «Leken, melodiøs og original», «ei plate å falle til ro med» og «poprock som utfordrer uten å bli slitsom». Etter seks års deltaking på Oslo Gospel Choir sine juleturnéar, der også Garness framførte sjølvskrivne songar i ei soloavdeling, starta tanken om å lage ei eiga juleplate. 30. november i fjor var albumet «Barnet i krybben» klart for sal. Juleplata fekk mykje merksemd og hausta gode kritikkar i norsk media.
I desember i år skal Garness ut på en eigen juleturné med dette materialet, og turnèstart blir i Norheimsund kyrkje torsdag 2.desember kl 20.00.
På repertoaret står ei variert blanding av både velkjente tradisjonelle og nye julesongar, for det meste på norsk. Garness formidlar julebodskapen på en ekte og engasjerende måte, og gjev dei gode gamle songane musikalske tolkingar som spanande og fornyande. Systrene trakterer sjølv gitarar, mandolin, autoharpe, klokkespel og perkusjon. Torjus Vierli (tangentar) og Thomas Gallatin (trommer) er gjev tvillingane tonefylgje.
Det blir førehandssal av billettar på Storsamling i Norheimsund bedehus sundag 21. november. Billettane kostar kr. 200,- for vaksne og kr. 150,- for born/ student.
Sagt om «Barnet i krybben» i norsk presse desember 2009:
«Gjennomført nære, ujålete og høytidsstemte» (Vårt Land) 6/6
«De behager, de appellerer til ens indre julemelankoliker, og de pirker forsiktig borti konvensjonene. Årets beste norske juleplate.» (Dagbladet) 5/6
«Det er bare å bifalle, for dette er juleplata si. Det låter hjemmelaget, på den gode måten.» (Stavanger Aftenblad) 5/6
«Garness preger sangene grundig med egen stil»(Romerrikes blad) 5/6
«En av sesongens fineste i sitt slag» (Dagsavisen) 5/6
«Bortenfor glittertunge høytidssalmer og klissen julepop har søstrene Ingelin og Hildegunn laget en perle av en juleplate» (Agenda 3:16) 5/6
«Det er musikalsk varme her som gjør godt» (Dagens næringsliv) – omtale uten rangering.