Julekonsert med Garness og Norheimsund og Øystese ungdomskor 11. desember!

Torsdag 11. desember kl. 19.30 arrangerer ungdomskoret julekonsert med Garness i Norheimsund kyrkje. Tvilling-duoen er på juleturné og me er glade for at dei vil besøkje oss! Ungdomskoret bidreg også med song, både åleine og saman med Garness. Dette blir garantert ei fin oppleving! Kjøp billett her: Julekonsert med Garness. Gjest: Norheimsund og Øystese Ungdomskor Billetter NORHEIMSUND tor. 11. des. 2025, 19:30

Velkomen!

🎵 KONSERT MED NETELAND PÅ ØYSTESE BEDEHUS 15. NOVEMBER

Laurdag 15. november kl. 21:30 er du invitert til lovsongskonsert når Thomas og Karoline Neteland kjem på LINK i Øystese bedehus.

Thomas skal tale på kveldsmøtet 19:00, og klokka 21:30 vert det konsert. Det vert ein skikkeleg fin kveld med dyktige songarar og musikarar.

Thomas er kjend både som lovsangsleiar og forkynnar, og saman med kona Karoline har han skrive fleire songar som blir mykje brukte i kristne miljø. «Kristus og Ham korsfestet» og «Kong Jesus» er to av dei mest kjende – sistnemnde vart faktisk Noregs mest virale låt på Spotify i 2024.

LINK er eit ungdomsarrangement, men vi håpar at alle som har lyst på ein fantastisk lovsongskveld, kjem denne kvelden!

🎟️ For meir informasjon og billettar:
Scan QR-koden på plakaten, eller klikk på lenka her:
👉 https://link-oystese.hoopla.no/event/1991343913